Birds of the World: Recommended English Names

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå IOC World Bird List)

Birds of the World: Recommended English Names er ei bok som freistar å gje standardiserte engelske namn på fugleartane i verda, ho er eit resultat av eit prosjekt som vart sett i gang av International Ornithologists' Union i 1990. Forfattarane er Frank Gill og Minturn Wright på vegne av International Ornithological Congress. Det finst òg ei nettside, IOC World Bird List, med oppdateringar til materialet som er publisert i boka.

Ein introduksjon på elleve sider i boka handlar om ei rekkje problem kring det å fastsetje namn på fuglar. Frå side 12 til side 211 finst den systematiske lista. Familierekkjefølgja i tredje utgåva følgjer Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World.

Framsida av boka viser bilete av ein stornebbvanga, endemisk for Madagaskar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]