Inge Bartnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir flytta til Inge Einarsen Bartnes. (Sjå eventuelt diskusjon)
Inge Bartnes
Fødd 22. september 1911
Beitstad
Død

16. januar 1988
Beitstad

Yrke politikar, bonde

Inge Bartnes (22. september 191116. januar 1988) var ein gardbrukar og politikar frå Beitstad i Nord-Trøndelag. Han var stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag i tida 1954-73, vald for Senterpartiet. Lars Petter Bartnes er soneson hans.

Bartnes gjekk 1928/29 Torhus folkehøgskole og 1930-32 Mære landbruksskole. Han var også på studiereiser til Sør-Amerika, Australia, Japan og Canada.

Frå 1935 til -43 var Bartnes forretningsførar i Beitstad telefonsamlag, og åra 1939-41 tilsett ved Beitstad heradskontor. Han overtok i 1942 farsgarden Øvre Beitstad og dreiv denne til 1971. Elles var han forretningsførar 1941-54 i Beitstad branntrygdelag.

Bartnes var medlem av Beitstad formannskap 1945–47 og varaordførar 1947–54. Nær samtidig skjøtta han arbeidet som fylkessekretær i Nord-Trøndelag Bondeparti. Frå 1946 til -73 var han sentralstyremedlem i Bondepartiet/Senterpartiet, og i partiet sitt forsvarsutval perioden 1964–1973. Bartnes representerte Nord-Trøndelag på Stortinget i fem etterfølgjande periodar frå nyår 1954. I den fyrste fireårsbolken hadde han sete i Protokollkomiteen, frå 1958 til han forlet Tinget i 1973 var han med i Militærkomiteen/Forsvarskomiteen, som sekretær 1958-65 og 1969-73.

Gjennom åra hadde Bartnes ei mengd styreverv. Mellom anna var han styreformann 1951-57 i Trønderavisa og 1968-83 i Statens Kornforretning.

Bartnes vart i 1982 tildelt St. Olavs Orden for sitt samfunnsengasjement.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi