Irreversibel prosess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Irreversibel)

Ein irreversibel prosess er ein prosess som ikkje kan skje i motsett rekkefølgje. Viss ein fysisk prosess ikkje av seg sjølv kan føregå nøyaktig motsett veg, er han irreversibel. To gassarter som blandar seg i kvarandre, er ein slik prosess. Varmestraum er ein irreversibel prosess, for varme går av seg sjølv berre frå varmare til kaldare stad, aldri omvendt. Alle kjende naturlege prosessar er irreversible. Friksjon gjer mekaniske prosessar irreversible, fordi glidefriksjon motverkar rørsla òg når prosessen går motsett veg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]