Kali Yuga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kalī Yuga (devanāgarī कली युग; 'Kalis tidsalder' eller 'mørkets tidsalder') er, i følgje hinduskrifter, éin av dei fire utviklingsfasene verda går gjennom som ein del av Yugas-syklusen. Dei andre tidsaldrane er kalla Dwapara Yuga, Treta Yuga og Satya Yuga. I følgje Surya Siddhanta, ei astronomisk avhandling som er utgangspunktet for alle hindu- og buddhist-kalendere, tok tidsalderen Kali Yuga til ved midnatt (00:00) den 23. januar 3102 f.Kr. i den gregorianske kalenderen. Same tidspunkt blir òg rekna av mange hinduar for å vere då Krishna forlét lekamen sin.

Kali Yuga skal vare i 432 000 år. Dei fleste tolkarar av hindu-skrifter meiner verda for tida er i Kali Yuga. Nokre meiner òg at vi er i starten på Dwapara Yuga. Hinduar trur at den menneskelege siviliasjonen gjennomgår ei åndeleg degenerering i løpet av Kali Yuga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!