Kebandemningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kebandemninga)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kebandemningen i Tyrkia.

Kebandemningen er ein steinfyllingsdemning for flaumkontroll og irrigasjon i Tyrkia. Han er bygd på elva Eufrat i provinsen Elazığ i søraustre Anatolia. Bygginga gjekk føre seg frå 1965 til 1975.

Demningen er 210 meter høg. Reservoaret over han er på 675 km², med eit volum på 31 mrd. m³. Installert vasskrafteffekt er 1 330 MW. Ved konstruksjonen vart det utgraven ein arkeologisk funnstad her – Norsun Tepe.

Det er 5 demningar på Eufrat i Tyrkia. I rekkjefølgje ovanfrå er dei: Kebandemningen (1 330 MW), Karakayademningen (1 800 MW), Ataturkdemningen (2 400 MW), Birecikdemningen (670 MW) og Karkamisdemningen (180 MW).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • GAP – statusen til prosjektet i år 2000.