Kjøkemeister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kjøgemeister)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjøkemeister (kjøgemeister), kjellarmann, skjenkjarsvein eller kjellarsvein, er tradisjonelle norske nemningar på den som hadde oppsyn med gjestebod og gilde i eldre tid. Ordet er framleis nytta, gjerne som ein heimleg erstatning for toastmaster, som tyder mest det same.

Kjøkemeisteren hadde ei lang rekkje plikter. Han stod for skjenken, sytte for at dei rituelle delane av festen kom i rett skipnad, og laut halde tale ved bordet. Dette var stundom så mykje halde styr på at nokre vart meir eller mindre profesjonelle kjøkemeistrar kringom på bygdene. Det finst ein rad namngjevne menn som var kjende for godt meisterskap i dette yrket. Attmed spelemannen var han den viktigaste pådrivaren i festlyden.

Det finst ei rad kjøkemeisterviser i folketradisjonen, samla frå heile Noreg.