Kladistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Klade)
Mogleg kladogram over leddyr.

Kladistikk (etter gresk κλάδος, klados, 'grein') er ein klassifikasjonsmetode som grupperer organismar etter evolusjonært slektskap heller enn etter morfologiske likskapar. Metoden vert òg omtalt som fylogenetisk systematikk.

Når ein har gjennomført ein kladistisk analyse, teiknar ein ofte opp såkalla kladogram for å visa kva slags evolusjonære slektskap ein reknar med. Kladistiske analyser kan omfatta lite eller mykje informasjon, men som regel vert fleire ulike faktorar lagt til grunn for dei. Metodar som kan avdekkja evolusjonære slektskapstilhøve inkluderer DNA-analyse og komparativ anatomi.

Eit kladogram er eit forsøk på å visa eit evolusjonært slektstre, kor gruppene ein undersøker ligg ytst eller øvst i skjemaet. Ideelt sett skal alle indre kløyvingar vera todelte. Dei to taksona som ligg på kvar si side av ei slik splitting vert kalla søstergrupper eller søstertaksa. Kvart under-tre i kladogrammet vert kalla ein klade (uttalt anten «kleid» eller rett fram), og består av organismar som delar ein felles stamfar.

Kladane vert som regel fastsett ut frå morfologiske eller genetiske karaktertrekk som opptrer i dei einskilde medlemmane. Desse identifiserande karaktertrekka i ein klade vert kalla synapomorfe trekk - delte, deriverte trekk. Typisk vel ein gamle trekk for store kladar og nyare trekk for mindre kladar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fylogenetiske systematikken vart grunnlagd med boka Grundzüge einer Theorie der Phylogenetischen Systematik som vart skriven og publisert i 1950 av den tyske insektforskaren Willi Hennig. Med omsetjinga av boka til engelsk (Phylogenetic Systematics) i 1966 vart metoden utbreidd i fagmiljøa, og i dag sver dei fleste systematikarar til han.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.