Hopp til innhald

Kunsthandverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kunsthandverk er handverksproduksjon der handverkaren lager bruksting med ei kunstnerisk form. Omgrepet kom særleg i bruk på 1970-talet med litt ulike tydingar. Tidlegare blei kunsthandverk ofte kalla folkeindustri, husflid, prydkunst, kunstindustri eller brukskunst — ord som har hatt ei litt vidare tyding enn dagens kunsthandverk. Den estetiske verdien ved handverksproduktet har stadig blitt viktigare i høve til bruksverdien, og kunsthandverk er i dag sett på som ei sjølvstendig kunstform.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.