Hopp til innhald

Lagtinget på Færøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løgtingið


VirkefeltFærøyane
HovudkontorTórshavn
JurisdiksjonFærøyane
Nettsidehttp://www.logting.fo/
Den gamle lagtingsbygningen og den nye bygningen bak.

Lagtinget (færøysk Løgtingið [ˈlœktɪɲt͡ʃɪ], eller Føroya løgting [ˈfœɹːja ˈlœktɪŋɡ]) er den færøyske nasjonalforsamlinga. Som med AlltingetIsland og TynwaldMan kan denne tingtradisjonen sporast tusen år tilbake i tid, og forsamlinga er dermed blant dei eldste i verda.

Fram til 1557 blei tinget halde utandørs på Tinganes, om lag to gonger i året. Ingen av lovene var skrivne ned, så desse måtte hugsast av lovseiemannen (løgsøgumaðurin), som leidde tinget. Det noverande Lagtingshuset (Løgtingshúsið), eit trehus frå 1856, ligg sentralt i sentrum av Tórshavn ved sidan av det moderne kontorbygget til Lagtinget med dagens møtesal. Møta blir i dag leidde av lagtingsformannen.

Sidan Heimestyreloven av 31. mars 1948 blei verksam har færøyingane vald si eiga nasjonalforsamling og regjering. Lagtinget har 33 medlemmer frå seks parti, alle direktevalde i éin valkrins. Røysteføre er alle over 18 år. Riksombodsmannen representerer Danmark på Færøyane og deltek i møte på Lagtinget utan røysterett.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lagtinget på Færøyane