Lars Myhre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lars Elton Myhre)
Lars Myhre


Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. august 1984 (39 år)
Gjøvik kommune
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2006

Lars Elton Myhre (fødd 17. august 1984) er ein norsk tidlegare alpin skirennar. medlem i Gjøvik Skiklubb. Han vart norsk meister i utforrenn i 2007 og 2008 og i slalåm i 2009.

Myhre tok steget opp i noregseliten i 2004-sesongen då han mellom anna fekk sølv i NM-slalåmen i Øyer, vel sekundet bak noregsmeisteren Aksel Svindal. Same året fekk han sin debut i verdscupen. Vinteren 2007 vart han tiandemann i slalåm under alpint-VM i Åre. Seinare i sesongen overraska han med å vinne utforrennet under noregsmeisterskapen på Bjorli. Si beste plassering i ei verdscuptevling fekk Myhre då han vart nummer fem i kombinasjonen i Beaver Creek i USA 29. november 2007. På tampen av same sesongen forvarte han NM-tittelen i utfor ved meisterskapen i Øyer, veteranen Lasse Kjus på sølvplass kom vel halvsekundet bak i mål. Myhre sikra seg sitt tredje NM-gull under NM 2009 på Oppdal. I spesialgreina slalåm lukkast han å vinne framfor Kjetil Jansrud, med Truls Ove Karlsen på bronseplass.

Myhre deltok i dei olympiske vinterleikane 2006 og 2010, utan han makta hevde seg. Vedvarande skadeplagar gjorde at han la opp i 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]