Marble Point
Marble Point | |||
nes | |||
Det vart bygd ei flystripe på relativt flate terrenget ved Marble Point i 1957, men denne er ikkje lenger i bruk.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°26′S 163°50′E / 77.433°S 163.833°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Marble Point 77°26′00″S 163°49′59″E / 77.4333°S 163.833°E | |||
Wikimedia Commons: Marble Point |
Marble Point i Antarktis, er eit klipperikt nes på kysten av Victoria Land. USA driv ein stasjon på neset. Utposten vert nytta som drivstoffstasjon for helikopter som vert nytta til operasjonar i det indre av kontinentet, som i McMurdo Dry Valleys. Om vêret er godt nok kan helikoptera fly inn og ut av stasjonen 24 timar i døgnet om sommaren.[1]
Utvikling
[endre | endre wikiteksten]Stoppestaden ved Marble Point ligg ved ei smal stripe land mellom Wilson forlandsbre og havet, kring 80 km frå McMurdo-basen. Militære styrkar frå USA bygde leieren på vestsida av McMurdo Sound i 1956 i samband med det komande Det internasjonale geofysiske året 1957-58 (IGY).
Førebuinga for IGY omfattar bygginga av flystripa ved Marble Point. Eit VX-6 Otter-fly vart det første flyet som landa på jord (og ikkje is elelr snø) ved Marble Point i 1957.[2] Eit fly av typen de Havilland Canada DHC-3 Otter kræsja då det skulle ta av frå Marble Point 4. januar 1959 og to menn mista livet. Flyet var ein del av Operasjon Deep Freeze IV.
Marble Point er bemanna om sommaren med ein stasjonssjef, ein kokk og ein person som fyller drivstoff på helikoptera. 14 menneske kan overnatte på stasjonen.
Stasjonen har òg ein automatisert vêrstasjon.
United States Antarctic Program (USAP) utførte opprydding ved stasjonen i 1989-1990 og 1990-1991.[3] Det er kjend at det har vore utslepp av drivstoff i området. Så seint som i 2001 var meir enn 40 år gamle utslepp framleis synlege.[4] I dag vert alt avfall ved stasjonen samla inn og transportert til McMurdo-basen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Gas, food and lodging: Marble Point serves up warmth and good cheer" Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., The Antarctic Sun. November 28, 1999.
- ↑ «VXE6history». www.vaq34.com. Henta 26. november 2022.
- ↑ «Storage Tanks-Marble Point,"[daud lenkje] National Science Foundation Division of Polar Programs, Office av Environment. October 23. 1992
- ↑ «Antarctic research jigsaw piece in global puzzle," October 8, 2001, The University of Waikato news release.
- Denne artikkelen bygger på «Marble Point» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Antarctic Sun
- Marble Point - personal website
- THE «UNOFFICIAL» VXE-6 WEBPAGE for the (late-RIP) US Navy Squadron
- USA National Oceanic and Atmospheric Administration Photo Library
- USA National Science Foundation.
- USA Department of Agriculture.