Maria Antonia av Austerrike
Maria Antonia av Austerrike | |||
| |||
Kurfyrstinne av Bayern | |||
Regjeringstid | 15. juli 1685-24. desember 1692 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 18. januar 1669 | ||
Fødestad | Hofburgpalasset, Wien | ||
Død | 24. desember 1692 (23 år) | ||
Dødsstad | Hofburgpalasset i Wien | ||
Gravstad | Kapuzinergruft, Wien | ||
Gift med | Maximilian II Emanuel av Bayern | ||
Dynasti | Habsburg | ||
Far | Leopold I av Det tysk-romerske riket | ||
Mor | Margarita Teresia av Austerrike | ||
Born | Josef Ferdinand av Bayern, Anton Kurprinz von Bayern, Leopold Ferdinand Kurprinz von Bayern |
Maria Antonia av Austerrike (fødd Maria Antonia Theresia Josefa, 18. januar 1669–24. desember 1692) var den eldste dottera og det einaste overlevande barnet til keisar Leopold I og Margarita Teresia av Austerrike.
Maria Antonia var ein del av innavlen som gjekk føre seg i huset Habsburg, sidan faren Leopold var onkelen hennar på morssida, medan far hennar var syskenbarn til mora hans. Besteforeldra hennar på morsida var òg onkel og niese. Frå barndommen av var Maria Antonia ei intelligent og danna jente, og delte foreldra sin lidenskap for musikk.
Den siste spanske habsburgaren, Karl II, var barnlaus. I følgje arvefølgjelovene hadde Maria Antonia rett til å arve den spanske krona, fordi ho var det einaste overlevande barnet etter keisarinne Margaret Theresia, syster til Karl II. Likevel vart det sidan ho var fødd bestemt at ho skulle gifte seg med onkelen på morssida, den spanske kongen, men dette vart det aldri noko av på grunn av politiske årsaker.
Ho var òg ein kandidat for ekteskap med Victor Amadeus II av Sardinia, men dette vart heller ikkje noko av. Maria Antonia gifta seg med kurfyrste Maximilian II av Bayern i 1685 i Wien. Ekteskapet deira var ulukkeleg, men dei fekk tre born. Ingen av borna voks opp. Ein av dei, Josef Ferdinand av Bayern (1692-1699), var særleg viktig for europeisk politikk mot slutten av 1600-talet. Då såg dei europeiske maktene etter ein arving som kunne ta over trona i Spania då Habsburg-greina i landet døydde utt. Josef Ferdinand døydde derimot som seksåring, og dette utløyste den spanske arvefølgjekrigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maria Antonia of Austria» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Friedrich Weissensteiner: Liebeshimmel und Ehehöllen - Heyne Taschenbuchverlag 1999 - ISBN 3-453-17853-X