Marinvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marinvinden)
Hopp til navigering Hopp til søk

Marin er ein varm, fuktig vind i Golfe du Lion i Frankrike, som bles frå søraust eller sør-søraust mot kysten av Languedoc og Roussillon. Han fører regn til området og stundom tåke ved kysten. Skyene som marinvinden fører med seg kan òg føre til nedbør i fjella lenger inne, Corbieres, Montagne Noire og Cevennane. Vinden tørkar vanlegvis ut når han krssar fjella og vert ein fønvind på andre sida. Marinvinden fører til at ein annan regional vind vert skapt, autan.

Vinden vert skapt av lågtrykk som kjem inn i Golfe du Lion frå vest eller sørvest etter å ha passert det sørlege Frankrike og nordlege Spania.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]