Metonymi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein metonymi blir tradisjonelt definert som det å gje eit ord ei anna tyding (t2) som er skyld den tradisjonelle tydinga (t1), slik at t1 og t2 er knytte saman til dømes ved nærleik i tid, rom eller årsak, eller ved eit del- eller heilskapstilhøve. Eit døme på metonymi er å nytte namnet Henrik Ibsen om verka til denne forfattaren i staden for om personen sjølv: «Henrik Ibsen finn du på øvste hylle.» Det er eit årsakstilhøve mellom Henrik Ibsen og bøkene han skreiv.