Malmen minette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Minette)
Minette

KategoriMineral

Minette er ein type jernmalm danna av sedimentære avsetjingar frå juratida som innheld hematitt og limonitt. Han har eit jerninnhald på 25–30 prosent.[1]

Førekomsten finst i Lorraine i Frankrike og i Luxembourg, og har historisk hatt stor tyding for industrien i området.[1]

Minette kan også visa til ei form for lamprofyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «minette – jernmalmforekomster». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 23. august 2020.