Den islamske forening i Vadsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Moskéen i Vadsø)
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 70°04′26.7″N 29°45′01.4″E

Den islamske forening i Vadsø
Vadsø moské
moské
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vadsø
Grunnlagd 2017
Adresse Hvistendalsgate 4, 9800 Vadsø

Den islamske forening i Vadsø er ein muslimsk organisasjon som driv moské i Vadsø i Finnmark fylke.

Moskéen vart etablert i mai 2017 i Vadsø sentrum, i kjellaren i same bygg som husar ein atletklubb og Kooperativet. Lokala som vart gjort om til moské var tidlegare diskotek.[1] Det har vore reaksjonar på at moskéen deler lokale med same atletklubb som har hatt islamistar som medlemmer, der mellom anna ein 17-åring vart sikta for terror etter å ha hatt med ei heimelaga bombe til Oslo sentrum.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bygger om diskotek til moské i Vadsø. Nordlys (24. mai 2017). Vitja 4. august 2017.
  2. Kjendiser reagerer på Ismail sine moské-planer. Finnmarken (25. mai 2017). Vitja 4. august 2017.
  3. – Vi merket at han endret holdninger. TV2 (11. april 2017). Vitja 4. august 2017.