Nordfjorden på Spitsbergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordfjorden på Svalbard)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordfjorden er ein fjordarm frå IsfjordenSpitsbergen i øygruppa Svalbard. Han har ein munning som er 17 km brei, og går nordover. Ved Kapp Wærn delar han seg i den lange smale Dicksonfjorden og den korte breie Ekmanfjorden. Til botn av av Dicksonfjorden er han om lag 48 km lang. Boheman fuglereservat ligg vest for munningen av Nordfjorden.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).

Koordinatar: 78°30′30″N 14°55′38″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.