Otto I av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto den store

Otto I avbilda i Manuscriptum Mediolanense frå ca. 1200
Tysk-romersk keisar
Regjeringstid962-973 (konge 936-961)
TitlarKonge av Italia (951-961), konge av Tyskland (936-961)
Fødd927
FødestadWallhausen i Sachsen-Anhalt
Død7. mai 973
DødsstadMemleben i Sachsen-Anhalt
GravstadMagdeburgs domkirke
FøregangarHenrik fuglefangaren
EtterfølgjarOtto II
Gift medÆdgyth av England, Adelheid av Det tysk-romerske rike
DynastiDet ottonianske dynastiet
FarHenrik I av Sachsen
MorMatilda av Ringelheim
BornLiutgarde, Liudolf, Matilda av Quedlinburg, Otto II av Det tysk-romerske rike, Wilhelm, Richlind
Grava til Otto I i Magdeburg.

Otto I eller Otto den store (23. november 9127. mai 973) var den første tysk-romerske keisaren etter gjenopprettinga av det tysk-romerske riket i 962.

Frå 936 var Otto I tysk (austfrankisk) konge og frå 951 konge av Italia. Han vart utnemnd til tysk-romersk keisar i 962, eit rike som offisielt bestod fram til 1806. I forsøka sine på å kristne Norden og dei slaviske folka, sende han ut mange misjonærar til område som seinare vart nasjonane Polen og Tsjekkia (tidlegare kjend som Bøhmen). Misjonen førte til at desse folka vart katolske og ikkje ortodokse slik som resten av dei slaviske folka. Otto vert også kalla «Europas befriar» etter å ha stått imot ungarske åtak, særleg ved Lechfeldslaget i 955.

Otto I var son av Henrik I fuglefangaren og den andre kona hans, Mathilda den heilage av Sachsen. Han var gift med Eadgyth eller Edith av England (død 946) og Adelheid av Burgund (død 999). Han hadde følgjande born:

  1. Ludolf
  2. Liutgard, gift med Konrad den raude av Lothringen
  3. Mathilda, abbedisse av Quedlinburg
  4. Otto II

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Otto I av Det tysk-romerske riket