Pathanarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med pasjtotalande område markert med oransje.
Pathansk far og dotter i Khost-provinsen i 2009.

Pathanar(ar) eller pashtunar(ar) er ei folkegruppe som stammar frå området mellom Hindukush nordaust i Afghanistan og nordlege delar av Indus i Pakistan. Målet deira er vanlegvis pasjto. Pathanarar er også blitt kalla afghanarar, pakhtunar og pushtunar.[1]

Pathanarane er den største folkegruppa i Afghanistan, med eit estimert folketal på rundt 11 millionar tidleg på 2000-talet,[1] mellom 42 og 60 % av innbyggjarane i landet.[2] Det finst også mange av dei i Pakistan, rundt 25 millionar eller 11 %,[3][4] og mindre grupper held til i fleire delar av India. I Pakistan lever pathanar særleg i område sør for Quetta.[1]

Den tradisjonelle stammeinndelinga er framleis viktig i pathansk kultur. Folkegruppa er delt inn i rundt 60 stammar av ulik storleik som igjen er delt inn i klanar, og har ulike territorium. Dei mektigaste gruppene i Afghanistan er Durrani-stamma frå sør i landet, som den tidlegare afghanske kongefamilien kom frå, og Ghilzay-stammar frå området aust for Kabul.[1]

Ein del pathanar har danna ei rørsle for å skipa ein sjølvstendig nasjonalstat kalla Pakhtunistan. Denne rørska har hatt lita oppslutting, mellom anna fordi stamme og klan speler ei større rolle enn etnisitet.[5]

Norsk Pathanmisjon har vore aktiv blant pathanar.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]