Perth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Perth i Australia)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Perth (fleirtyding).
Perth
by
Foto: Dietmar Rabich
Land  Australia
Del av Vest-Australia
Areal 6 418 km²
Folketal 2 141 834 (30. juni 2021)[1]
Grunnlagd 1829
Tidssone AWST (UTC+8)
Kart
Perth
31°57′21″S 115°51′35″E / 31.955833333333°S 115.85972222222°E / -31.955833333333; 115.85972222222
Wikimedia Commons: Perth, Western Australia

Perth er ein by i Australia og delstatshovudstad i Vest-Australia. Han har over 2,1 millionar innbyggjarar, rundt tre fjerdedelar av innbyggjarane i delstaten, og er den fjerde største byen i landet. Perth ligg langs breidda av Swan River, 15 km frå utløpet. Byen er eit viktig jernbaneknutepunkt og industriområde. Klimaet er mildt, subtropisk og solrikt.

Perth-området var opphavleg folkesett av aboriginske noongarar. Byen blei grunnlagd av britiske nybyggjarar i 1829 på grunn av frykt for fransk kolonisering av området. I 1901 hadde han berre 36 274 innbyggjarar. Sidan 1950-åra har folketalet vokse mykje gjennom innvandring; først frå Sør-Europa, deretter frå Aust-Europa, Asia og Sør-Afrika.

Perth har petroleumsraffineri, stålverk, forbruks- og næringsmiddelindustri. Store delar av økonomien baserer seg på gruvedriften i Vest-Australia. Det finst to universitet her, det første grunnlagd i 1911 og det andre i 1975. Det finst ei katolsk og ei anglikansk domkyrkje her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Regional population, 2020-21 financial year | Australian Bureau of Statistics» (på engelsk). 29. mars 2022. Henta 24. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Perth