Hopp til innhald

Puerto Rico på Gran Canaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Puerto Rico (fleirtyding).
Puerto Rico
busetnad
Land  Spania
Provins Las Palmas
Kommune Mogán
Kart
Puerto Rico på Gran Canaria
27°47′17″N 15°42′40″W / 27.78806°N 15.71111°W / 27.78806; -15.71111
Wikimedia Commons: Puerto Rico (Gran Canaria)

Puerto Rico er ein turistby i Mogán kommune på sørkysten av Gran Canaria. Gran Canaria er den nest sørlegaste øya i den spanske øygruppa Kanariøyene i Atlanterhavet. I 2015 hadde Puerto Rico 4 242 innbyggarar.[1]

Maksimumstemperaturane i byen ligg på rundt 20-25 grader om vinteren.[2] Han er dominert av turistnæringa, med mange hotell og utestader, eit stort kjøpesenter og fleire badestrender.

Puerto Rico har ei sandstrand og to småhamner. Inne i byen ligg dei fleste butikkane og restaurantane i små kjøpesenter. Pasarela-senteret ligg nærast stranda, medan det største kjøpesenteret, The Market Puerto Rico,[3] ligg i sentrum.

Bystranda har rullestoltilgang, solsenger, parasollar og dusjar.[4] Amadores-stranda ligg ein kilometer nordvest for Puerto Rico.[5] Ho er eit populært turistmål på sørkysten av Gran Canaria. Litt lenger nordvest ligg Tauro-stranda, ei meir privat og avslappa strand.

Panorama av Puerto Rico
  1. Instituto Nacional de Estadística
  2. Puerto Rico (Gran Canaria) Arkivert 2018-11-18 ved Wayback Machine. yr.no
  3. Un shopping con alma, para gente que compra con el corazón. Themarketpuertorico.com . Vitja 18. august 2020
  4. Puerto Rico www.grancanaria.com (engelsk)
  5. «playa de amadores amadores calle borondon 11 - Google Search». www.google.com. Henta 25. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Puerto Rico på Gran Canaria
Commons har multimedium som gjeld: Puerto Rico på Gran Canaria

27°47′17″N 15°42′40″W / 27.78806°N 15.71111°W / 27.78806; -15.71111