Hopp til innhald

Omkved

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Refreng)

Eit omkved er ei eller fleire versliner som vert tekne opp att for kvar strofe (kvart vers) i ein song.

I tradisjonelle folkeviser kunne ein forsongar framføre viseteksten, medan dansarane gjentok omkvedet.

I moderne bruk språkbruk ser det ut til at det franske ordet refreng avløyser ordet omkved, i det minste brukt om moderne songtekstar.