Ringvassøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ringvassøya)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ringvassøy
Lokalt namn: Ráneš
Geografi
Norway - Ringvassøy.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 69°55′N 19°15′EKoordinatar: 69°55′N 19°15′E

Areal 656 km²

Høgaste punkt Soltindan (1051 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms

Ringvassøy (nordsamisk: Ráneš) er den sjette største øya i Noreg med eit areal på 656 km². Øya ligg i kommunane Karlsøy og Tromsø i Troms fylke. Namnet Ringvassøy kjem av ordet rind f. «bergrygg», øya med fjellryggane[1].

Det høgaste punktet på øya er Soltindan på 1051 meter over havet. Skogsfjordvatnet er eit 10 km² stort vatn på øya og den største innsjøen på ei øy i Noreg.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Den sørlege delen av Ringvassøy består av tonalittiske til anorthosittiske og gabbroiske migmatittiske gneis.[2] Ein prøve av den tonalitiske gneisen gav ein arkaisk U–Pb zirkon alder på 2841 millionar år.[3]

Det 10 km breie og 30 km lange Ringvassøy grønnsteinsbelte utgjer nordlege del av Ringvassøy og består av ulike felsiske til mafiske metavulkanske bergartar av tholeiitisk til kalsium-alkalisk affinitet.[4] U–Pb zirkon alder på 2849 millionar år og 2835 millionar år.[5]

Både gneisen og grønsteinane er gjennomskore av mange mafiske gangar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandnes/Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon, Samlaget
  2. Zwaan, K.B.: Geology of the PrecambrianWestTroms Basement Complex, northern Norway, with special emphasis on the Senja Shear Belt: a preliminary account. Nor. Geol. Unders. Bull. 427 1995 side 33–36
  3. Zwaan, K.B., Tucker, R.D.: Absolute and relative age relationships in the PrecambrianWest Troms Basement Complex, northern Norway. In: Proceedings of the 22nd Nordic Geol.Winter Meeting, Aabo, Finland 1996 side 237.
  4. Motuza, G.: Description to the geological map of the eastern part of Kvaløya, Troms county, northern Norway. Geol. Surv. Norway Report 111 1998 21 sider.
  5. Motuza, G., Motuza, V., Beliatsky, B., Savva, E.: The Ringvassøy a greenstone belt (Tromsø, North Norway): implications for a Mesoarchaean subduction zone. In:EUROPROBETime-slice Symposium “Archaean and Proterozoic Plate Tectonics: Geological and Geophysical Records”, St. Petersburg, Russia, 2001 s. 43–44 (abstract)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]