Hopp til innhald

Río de la Plata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rio de la Plata)
Río de la Plata
Foto: Jacques Descloitres, MODISRapid Response Team, NASA/GSFC

35°12′S 56°35′W / 35.200°S 56.583°W / -35.200; -56.583

Río de la Plata (spansk uttale [ˈri.o ðe la ˈplata], tyder 'sølvelva') er ei havbukt eller eit estuar danna av elvene Uruguay og Paraná. Ho ligg mellom Uruguay og Argentina. Ho renn ut i Atlanterhavet, der ho danna eit traktforma innskjering i den søraustlege kystlinja til Sør-Amerika]].

Ulike geografar kan rekna Río de la Plata som ei elv, eit estuar, ei bukt eller eit randhav.[1] Om ho er rekna som ei elv er ho den vidast i verda, med ei maksimumsbreidd på rundt 220 km.

Río de la Plata blei oppdaga for europearane av sjømannen Juan Díaz de Solís i 1516. Ho blei kalla Río de la Plata (Sølvelva) på grunn av dei rike sølvførekomstane oppover langs elva.