Tidrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Romtid)

I fysikken er tidrom (eller romtid) definert som ein matematisk modell som kombinerer vårt tredimensjonale syn på universet med tid. Tidrom er vanlegvis tolka som ein firedimensjonal lekam der lekamen har dei tre kjende romdimensjonane, i tillegg til tid som ein fjerde dimensjon. Tid og rom er fletta saman. Det eine kan ikke eksistere utan det andre.

Vi kan tenka oss at tidrommet er ei trampoline. Om ein legg to bowlingkuler på trampolina, vil kulene rulle mot kvarandre. Slik verkar gravitasjon, objekta krummar tidrommet, noko som fører til at dei trekkjer mot kvarandre. Ei bowlingkule som ligg i ro på trampolina lagar inga bølge. Det gjer derimot ei kule som ruller fram og attende. Søkket i trampolina følgjer kula, i tillegg laga kula bølger som spreier seg utover i alle retningar. Dette er omlag på samme måte med Gravitasjonsbølgjer – eit objekt som står i ro lagar ingen bølger, medan eit objekt som akselererar lagar bølger i tidrommet.

Todimensjonal analogi av romtid.

Omgrepet tidrom har i nyare tid blitt ein omgrep på alle teoriar som går utover dei tre dimensjonane. Kor mange dimensjonar som faktisk må nyttast for å skildre universet er framleis eit ope spørsmål. I følgje strengteorien finst det 10 til 26 dimensjonar.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.