American Ornithologists' Union

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå SACC)
Hopp til navigering Hopp til søk

American Ornithologists' Union (AOU) er ein ornitologisk organisasjon i USA. Medlemmane er i hovudsak profesjonelle ornitologar snarare enn amatørar. Organisasjonen er eit medlem av Ornitologisk Council.

Han vart grunnlagt av Elliott Coues, Joel Asaf Allen, og William Brewster i september 1883.

Det kvartalsvise tidsskriftet, The Auk, har vore utgjeve sidan januar 1884. Andre betydelege publikasjonar omfattar AOU Checklist of North American Birds, som er eit standardoppslagsverk for feltarbeid, og ein monografiserie, Ornitologisk Monographs.

South American Classification Committee (SACC), er eit offentleg utval underlagt AOU, med spesielt oppdrag om å vedlikehalde ein standardklassifikasjon, med engelske namn, for fugleartar i Sør-Amerika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]