Saint Tudwal's Islands
Saint Tudwal's Islands (walisisk Ynysoedd Tudwal) er ei lita øygruppe sør for Abersoch på Llŷnhalvøya i Wales, ved vestenden av Tremadog Bay.
Det er to hovudøyar i gruppa, Vestøya eller Saint Tudwal's Island West og Austøya eller Saint Tudwal's Island East, i tillegg til klippa Carreg y Trai.
Øyane er kjende for selkolonien som held til her. Den vestlege øya har eit fyr, medan ein på den austlege øya finn restane av eit nonnekloster.
Fyr[endre | endre wikiteksten]
Fyret er eit lite, no ubemanna, fyr som markerer nordenden til Cardigan Bay. Steintårnet er 10,7 meter høgt og vart bygt i 1877. Fyrvaktarbustaden er i dag privateigd og vert nytta som feriebustad.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Saint Tudwal's Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hague, D., B., Lighthouses of Wales Their Architecture and Archaeology (Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Wales, editert av Hughes, S., 1994) ISBN 1-871184-08-8