Sitnica
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sitnica i Montenegro.
Sitnica (Ситница) Sitnicë | |||
elv | |||
Land | Kosovo | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 3 129 km² | ||
Lengd | 90 km | ||
Middelvassføring | 9,5 m³/s | ||
Kjelde | Sazlija nord for Uroševac | ||
• høgd | 560 moh. | ||
Munning | Ibar ved Kosovska Mitrovica | ||
• høgd | 499 moh. | ||
Sitnica 42°27′50″N 21°08′10″E / 42.463888888889°N 21.136194444444°E | |||
Wikimedia Commons: Sitnica |
Sitnica (albansk Sitnicë, serbisk skrift Ситница) er ei 90 km lang elv i Kosovo. Ho munnar ut i Ibar ved Kosovska Mitrovica og er den lengste elva som berre renn innanfor grensene til Kosovo.
Historie
[endre | endre wikiteksten]På 1300-talet, under regjeringstida til kong Milutin, vart det grave ut ein kanal mellom Sazlija og elva Nerodimka. Dette skapte ei kunstig forgreining, og sidan den gong har Nerodimka rend sørover og ut i Lepenac, slik at ho høyrer til nedslagsfeltet til Egearhavet i staden for Svartehavet, som Sitnica og Ibar. Etter den andre verdskrigen vart kanalen dekt med jord igjen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Sitnica spring ut frå Sazlija, nord for byen Uroševac. Sitnica er den største elva på Kosovosletta og renn vest for hovudstaden Pristina. Ho munnar ut i Ibar ved Kosovska Mitrovica med ei middelvassføring på 9,5 m³/s.
Elva er relativt slak og drenerer eit område på 3129 km². Det totale fallet hennar er om lag 60 meter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sitnica» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6