Sekkdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sjøpung)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sekkdyr
Tunicate komodo.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Deuterostome dyr Deuterostomia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Kappedyr Tunicata
Klasse: Sekkdyr Ascidiacea
Blainville, 1824

Sekkdyr, sjøpungar eller ascidiar (Ascidiacea) er ein klasse botnlevande kappedyr. Til skilnad frå visse andre kappedyr har sekkdyr berre ryggstreng under larvestadiet. 78 artar er kjende frå dei norske sjøområda.

Vaksne sekkdyr sit feste til havnbotnen gjennom stein, skjel, tang og tare. Nokre kan vera nedgravde i sand- eller gjørmebotn. Nokre artar, som i slekta kolonisekkdyr (Botryllus), dannar koloniar.

Sekkdyr i norske sjøområde inkluderer parallellogramsekkdyr (Corella parallelogramma), grønsekkdyr (Ciona intestinalis), schlossersekkdyr (Botryllus schlosserei), og stikkelsbærsekkdyr (Dendrodoa grossularia).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]