Snømyrkre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snømykrke på Ekström-shelfisen i Antarktis

Snømyrkre eller whiteout er ein atmosfærisk tilstand der himmelen og ein snødekt bakke tilsynelatande går i eitt, slik at avstandsdømming og orienteringsevne sviktar. Dette vert òg kalla «flatt lys». Det skjer i overskya vêr over eit jamt snødekke, gjerne saman med snøfall eller snø som kvervlar opp frå bakken. Tilstanden kjem av at gjentekne refleksjonar fell inn med nesten same intensitet frå alle retningar og er mest vanleg i snaufjellet og i polarområda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«whiteout» i Store norske leksikon, snl.no.