Føresongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Solovokal)
Ken Casey er føresongar i musikkgruppa Dropkick Murphys.
Foto: Jørund Føreland Pedersen

Føresongar eller forsongar er medlemmen i ei musikkgruppe som syng hovudparten av ein song. Føresongarar kan òg spela eit eller fleire instrument, som rytmegitar, piano, keyboard eller bassgitar. Dei er ofte sett på som frontfigur og leiar av musikkgruppa dei opptrer i ved å vera talsmann i intervju og føre publikum. Frontfiguren i ei gruppe kan naturlegvis også vera ein annan enn føresongaren, til dømes som hos Iron Maiden og Van Halen.

Ordet forsongar eller føresongar kan også bli bruka om ein som stemmer opp til allsong og leier allsongen vidare.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]