St. Anastasia øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Anastasia øy

St. Anastasia øy (bulgarsk: остров св. Анастасия, ostrov Sv. Anastasija, tidlegare kalla Bolsjevik øy, остров Болшевик) er ei lita bulgarsk øy i Svartehavet. Ho ligg 1,5 km utanfor kysten nær Tsjernomorets og har eit areal på 0,01 km². Øya er den einaste øya utanfor Bulgaria som ikkje er busett.

Øya har både elektrisitet og drikkevatn, og er kalla opp etter det tidlegare nonneklosteret St. Anastasia som låg her. Klosteret vart forlate i 1923, då øya vart omgjort til eit fengsel.

I 1925 gjorde 43 politiske fangar (kommunistar og antifasistar) leia av Teohar Bakardzjiev opprør og rømde frå øya og vidare til Sovjetunionen. Den bulgarske filmregissøren Rangel Valtsjanov baserte filmen sin On the Small Island (bulgarsk: На малкия остров) frå 1958 på denne hendinga.

I dag står det eit fyr på øya, i tillegg til ein pub, ein liten kai og fleire bygningar som gjev husrom til turistar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]