Diskusjon:Damsgårdsfjellet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kor høgt er fjellet?[endre wikiteksten]

bokmålswikipedia er høgda på Damsgårdsfjellet oppgitt til 350 moh. På Bergen kommune sine heimesider er høgda sett til 317 moh. Ikkje veit eg kva som stemmer. ;-)

I fylgje Bergen Turlag er høgda 350 meter [1] --Gunnernett 10:46, 11 april 2007 (CEST)
I Store Norske leksikon står 344 moh. På Norgesglasset til kartverket står det 317 ved Damsgårdfjellet (og 353 på naboen Olsokfjellet og 351 på Gravdalsfjellet). --Jorunn 11:31, 11 april 2007 (CEST)
Hadde akkurat leita fram det same. Olsokfjellet høyrer til same «massivet» som Damsgårdsfjellet mellom Espedalen og Melkeplassen. Eg gjettar at mange sikkert reknar toppen av Olsokfjellet som ein del av Damsgårdsfjelet, kanskje til og med Bergen Turlag. Eg har i alle fall alltid sett på det som eit enkelt fjell. Men artikkelen kan jo skrivast om og utvidast med nettopp dette? --Frokor 12:59, 11 april 2007 (CEST)
Og zoomar ein langt nok inn ser ein karta viser ei høgd på 354,08 m på Olsokfjellet. Når ein har zooma inn står Damsgårdsfjellet som ein topp litt nærare Olsokfjellet med ei høgd på 344 meter, medan den tredje toppen som ligg lengst nord er 316,86 m.--Frokor 13:04, 11 april 2007 (CEST)
Dette er feil stad. Sjølv om det finst fleire høgare punkt i terrenget oppover, like så vel som fleire andre 'toppar' rundt, så står den store runde kvite varden som markerer akkurat toppen på Damsgårdsfjellet på 317 moh.