Diskusjon:Mjølne

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Mjolne)

Framlegg om å flytta sida attende til Mjølne[endre wikiteksten]

Mjolne er ikkje rett etter norsk ljodvokster, av di gamal er alltid skriven som . Jamfør mjøl og mjød < mjǫl og mjǫðr. På heimskringla.no har tre omsetjingar Mjølne, medan to har Mjolne.

Elles er skrivemåten Mjølne i Grunnmanuskriptet frå 1935:

Mjølne (myt.) hamaren åt guden Tor, HFo; gn. mjǫllnir, "knasar".

--Eiliv (diskusjon) 5. november 2021 kl. 15:55 (CET)[svar]

@Ranveig Eg spør om me kan sjå bort ifrå lista frå Språkrådet i dette høvet og heller bruka Mjølne, som har betre grunnlag (289 mot 95 tilslag på NB.no). Eg sende ein e-post til Språkrådet og fekk stadfest at det ikkje låg mykje refleksjon bak avgjerda (i 1963) om å bruka Mjolne, og dessutan går det imot deira eiga rettesnor som seier at norrøn -jǫ- må vera -jø-. Eiliv (diskusjon) 3. november 2022 kl. 10:57 (CET)[svar]
Det er fleire gode argument, og eg meiner også eg er meir van med å sjå skrivemåten Mjølne. Er det nokon som har motargument? Viss ikkje burde det vera fritt fram å flytta attende. Ranveig (diskusjon) 3. november 2022 kl. 11:01 (CET)[svar]