Tall Ships’ Race

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tall Ships′ Races)
Russiske og polske seglskip i Portsmouth i 1974.
Skipet «Amerigo Vespucci» i New York hamn i 1976.

Tall Ships′ Races er årlege seglasar som til vanleg går i fire ulike farvantn: Biscaya/Middelhavet, Sørlege Nordsjøen, Nordlege Nordsjøen og Austersjøen. Bak seglasane står The Internationl sail Training Association, ISTA. (Det internasjonale skolskipsforbundet) Det er ein organisasjon som står bak seglskipsopplering av ungdom over heile vera. For at skip skal kunne delta må minst halvparten av mannskapet vere mellom 15 og 25 år.

Tall Ships' Races er ein regatta med lange tradisjoner, og gjekk fyrste gong av stabelen i 1956. Det starta då frå Torbay i England , og enda opp i Lisboa i Portugal. Ideen til regattaen kom frå Londonadvokaten Bernhard Morgan, som fekk med seg fleire kjente engelske personlegdomar. Dei ville arrangere ein regatta for å markere den endelege slutten for seglskute tida, men ville også at dette løpet skulle fostre godt vennskap og forståing mellom unge menneske frå ulike land.

20 seglskuter deltok i det første løpet, i to klasser: dei under og dei over 100 tonn. Norske SS «Christian Radich» var blant dei norske deltakarane, og kom på 2. plass. Meininga var at det berre skulle arrangerast ein regatta, men arrangementet i 1956 blei ein så stor suksess, at det sidan har blitt arrangert, fyrst annankavart år, deretter kvart einaste år. Arrangøren har hatt ulike namn, som STA (Sail Training Association), ISTA (International Sail Training Association), men heiter i dag Sail Training International (STI).

Fra 1972 vart løpet sponsa av Cutty Sark Scotch Whisky, og seglasen fekk namnet Cutty Sark Tall Ships' Races. Dette var namnet fram til 2002, då den gjekk over til The Tall Ships' Races. Hovudsponsor i dag er byen Antwerpen.

Fra å vera 20 deltakande skip i 1956, varierer talet no frå 70-100 deltakande skip kvart år, med 4 000 ungdommar frå over 30 ulike land. Under arrangementet er det lagt opp til 4 dagars aktivitet i kvar hovudhamn, med anten ein seglas eller cruise-in-company mellom hamnene. I 2008 var cruise-in-company lagt mellom Måløy og Bergen, mens seglasane gjekk mellom Liverpool-Måløy og Bergen-Den Helder.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]