Tekniska högskolan i Helsingfors
Tekniska högskolan i Helsingfors | |||
Auditorium ved Tekniska högskolan i Helsingfors, teikna av Alvar Aalto. | |||
| |||
Stad | Helsingfors, Esbo | ||
---|---|---|---|
Nettstad | http://www.hut.fi | ||
Tekniska högskolan i Helsingfors 60°11′09″N 24°49′40″E / 60.185833333333°N 24.827777777778°E |
Tekniska Högskolan i Helsingfors (finsk Teknillinen korkeakoulu, eller TKK) vart grunnlagt i 1849 under namnet Polytekniska Realskolan og fekk universitetsstatus i 1908. TKK flytta frå Helsingfors til Esbo i 1966.
TKK er særleg kjend for kompetansen sin på mobilteknikk og treforedling. I tillegg har dei eitt av dei fleste lågtemperaturslaboratioria i verda.
Høgskolen ligg i Otnäs i nabobyen til Helsingfors, Esbo, men skolen vart grunnlagt i Helsingfors og blir oppfatta som ein Helsingfors-høgskole.
Tekniska högskolan er kjend under forkortingane HUT (Helsinki University of Technology), TKK (Teknillinen Korkeakoulu) og TH (Tekniska Högskolan), men har i det siste satsa på å bruke berre forkortinga TKK for å unngå misforståingar.
KTT er offisielt trespråkleg (finsk, svensk og engelsk). Sjølv om undervisninga primært går føre seg på finsk og engelsk har svenskspråklege studentar rett til å avlegge eksamenar på svensk, og kommunisere med skolen på morsmålet sitt. KTT har dessutan ein svenskspråkleg «nation» (Teknologföreningen).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tekniska högskolan i Helsingfors» frå Wikipedia på svensk, den 6. februar 2006.