Big Bus Tours

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Big Bus Company)
Cannon Street i London.
Big Bus i Abu Dhabi

Big Bus Tours, tidlegare The Big Bus Company, er eit londonbasert føretak som er kjende for å drive guida busstransport i sentrale London. Føretaket starta i London i 1991 med fire bussar, men har no over hundre bussar i London, Dubai og i dei amerikanske Sambandsstatane.

Big Bus London driv 3 forskjellige ruter som er guida anten med levande guide eller kommentarar innspelte på band tilgjengeleg på åtte forskjellige språk:Engelsk, tysk, spansk, fransk, italiensk, portugesisk, japansk og russisk. ingen skandinaviske språk er tilgjengeleg førebels.

Bussane i London har ei rekkje gongar blitt vist fram i tv, både i britiske og internasjonale fjernsynsprogram og har to gonger vunne Visit London sin Best Sightseeing Tour of the Year-pris, både i 2001 og i 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]