Bladet Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Time Magazine)
Hopp til navigering Hopp til søk
Time
Time Magazine - first cover.jpg
Framsida til første utgåve av Times (3. mars 1923)
TypeNyheitsmagasin
SpråkEngelsk
EigarMeredith Corporation (tidlegare Time Inc., Time Warner)
ISSN0040-781X

Time er eit amerikansk nyheitsmagasin som kjem ut ein gong i veka. Tidsskriftet blei grunlagd i 1923 av Henry R. Luce og Briton Hadden. Det var lenge eigd av Time Inc. eller Time Warner, men har i dag Meredith Corporation som eigar. Bladet utnemner kvart år ein person of the year, 'årets person'.

Den amerikanske hovudutgåva av bladet kjem ut i New York. Ei europeisk utgåve (Time Europe, tidlegare Time Atlantic) som også dekkjer Afrika, Midtausten og sidan 2003 Latin-Amerika kjem ut i London. Ei asiatisk utgåve (Time Asia) har hovudkvarter i Hong Kong, medan ei utgåve for det sørlege stillehavsområdet som dekker Australia, New Zealand og stillehavsøyane er basert i Sydney. Fram til desember 2008 hadde Time også ei eiga kanadisk reklameutgåve.[1]

Time har den største utbreiinga av noko vekentleg nyheitsblad i verda. Den trykte utgåva har 26 millionar lesarar, 20 millionar av dei i USA. I midten av 2012 hadde bladet eit opplag på over tre millionar,[2][3] redusert til to millionar seint i 2017.[4]

Nancy Gibbs var redaktør for bladet frå september 2013 til September 2017.[5] Ho blei etterfølgd av Edward Felsenthal, som hadde vore redaktøren for den digitale utgåva av Time.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Time Canada to close». Mastheadonline.com. 10. desember 2008. Henta 6. september 2011. 
  2. «Consumer Magazines». Alliance for Audited Media. Henta 6. oktober 2016. 
  3. Byers, Dylan (7. august 2012). "Time Magazine still on top in circulation". Politico.
  4. Trachtenberg, Jeffrey A. (October 10, 2017). «For Time Inc.’s Magazines, Fewer Copies Is the Way Forward» – via www.wsj.com. 
  5. Maza, Erik (17. september 2013). «Nancy Gibbs Named Time's Managing Editor». WWD. Henta 17. september 2013. 
  6. «Time magazine names Edward Felsenthal as new editor-in-chief». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]