Hopp til innhald

Tjørebåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Postkort frå kring 1900 som syner tjørebåt i Oulu i Finland

Tjørebåt er ein lang og smal, klinkbygd trebåt, som har vorte brukt til frakt av tjøretynner i Finland. Tjøre som vart framstilt i tjøremiler, måtte fraktast dit dei kunne seljast. Båttypen vart utvikla for å frakte tjøre, brend i Kajanaland gjennom Oulujokivassvegen, til Uleåborg.

Båtane var lange, opp til 14 meter, og smale. Dei vart stabile når tønnene vart plassert på langs. På slutten av 1800-talet kunne ein båt take opp mot 30 tønner. Vekta var då kring 4 tonn.

Til å føre båten var det til vanleg to mann, tjøreroarar. I elvar med vanskelege stryk kunne det vere lokalkjende losar. Lasta båtar vart gjerne påsett midlertidige flakar og bord for å gjere dei høgare i vatnet. Desse kunne vere påsauma med plantefiber, bast og røter. Tjørebåtane var bygde med tre bordgangar. Dei var utrusta med sterke årar av bjørk, styreåre, stenger til staking og slepetau. Dei kunne ha eit segl til bruk, særleg på innsjøar. Når båtane skulle heim var dei heller tome og lette. Dei påsette skvettborda vart avtekne. Motstraums vart tjørebåtane delvis dregne av mannskapet eller innleigde personar. Dei kunne og verte køyrde forbi stryk.

Etter kvart vart tjørebåtane utkonkurrerte av transport over land.