Audiofrekvens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tonehøgd)

Audiofrekvens eller tonefrekvens er frekvensar innanfor høyrbare området.

Det generelt aksepterte standardområdet for høyrbare frekvensar er frå 20 til 20 000 Hz, men det varierer frå person til person. Frekvensar under 20 Hz vert generelt kjend i staden for høyrt, så lenge lydtrykket overstig eit visst nivå. Frekvensar over 20 000 Hz kan stundom høyrast av unge menneske. Høge frekvensar er dei første som forsvinn ved høyrselstap på grunn av alder eller langvarig eksponering for høge lydtrykk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]