Hopp til innhald

Tusenårsmåla til SN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tusenårsmåla til SN er åtte konkrete mål som SN vedtok i år 2000 for å utrydde fattigdommen i verda. Dei seier noko om korleis rike og fattige land saman skal arbeide for å nå dette målet. Planen da måla blei laga var at dei skulle bli nådde innan 2015. Dette ser førebels ikkje ut til å ville lykkast. Dei åtte måla er

  1. Utrydde ekstrem fattigdom og svolt
  2. Grunnutdanning for alle
  3. Fremje likestilling og styrke stillinga til kvinner
  4. Redusere barnedødelegheita
  5. Redusere svangerskapsrelatert dødelegheit
  6. Stoppe spreiinga av HIV/Aids, malaria og andre sjukdommar
  7. Sikre miljøvennleg og berekraftig utvikling
  8. Utvikle eit globalt partnarskap for utvikling