Brukar:Dagb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

(Namnet mitt og ymse småtteri finn du under historikken for denne sida.)

Kvifor eg gav opp Wikipedia[endre | endre wikiteksten]

Eg byrja bidra til Nynorsk Wikipedia avdi eg blei provosert av den dåverande artikkelen om USA. Forhåpningane til eit skikkeleg nynorsk oppslagsverk var store, og då eg las at "Det er ein myte at den amerikanske borgarkrigen gjaldt slaveriet", visste eg ikkje om eg skulle le eller grine.

Forsøk på å rette på artikkelen gjekk ingen stader, manglande diplomatisk tone frå mi side kan vel ta noko av skulda. Lærdomen var i alle høve ikkje at bidragsytarane på "nn." var dummare, eller mindre kunnige enn hjå "konkurrentane". Nei, det eg lærte var at Wikipedia dugde best til å lage fine rammar rundt artiklane, og lite anna. Systemet er tufta på kvantitet føre kvalitet (sjølv om det ikkje er gjeve eksplisitt), og det lille som er av kvalitative retningslinjer har ikkje nokon effektiv oppfølgingsmekanisme.

Det utslagsgjevande for meg var jamvel at eg brukte "Classfronter" i skulesamanheng, og erfarte kor mykje meir effektivt dette simple verktøyet var enn Wikipedia nokon gong kom til å bli. To vesentlege skilnader;

  • Alle måtte stå fram med fullt namn.
  • Ved samarbeid -måtte- ein produsere -minst- eit førsteutkast, som så blei kommentert av samarbeidspartnarane. Her blei evt. strid løyst opp, og heile gruppa var villeg til å setje namnet sitt på produktet og stå for den endelege "karakteren". Dette gjaldt same kor stort bidrag kvar enkelt hadde gjort, og same kven som hadde skrive ein dårleg eller ein "god del".

Mange andre har jamvel framstilt dei systematiske problema Wikipedia lid av på ein betre måte enn det eg kan håpe å få til. Sjå t.d.

For alternativ til Wikipedia sjå