Vasyl Ivantsjuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vassily Ivanchuk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vasyl Ivantsjuk
VIvanchuk.jpg
Fødd 18. mars 1969
Kopytsjyntsi
Yrke sjakkspelar, mind gamer, draughts player
Vasyl Ivantsjuk på Commons
Vassilij Ivantsjuk i 2006

Vasyl Mykhajlovytsj Ivantsjuk (ukrainsk: Василь Михайлович Іванчук), (fødd 18. mars 1969) i Berezjany er ein ukrainsk Stormeister i sjakk. På FIDE si rankingliste 1. september 2009 hadde Ivantsjuk ein rating på 2756, og var då rangert som den åttande beste spelaren i verda, og den beste i Ukraina.

Ivantsjuk slo for alvor gjennom i internasjonal toppsjakk då han vann Linares-turneringa i 1991. Fjorten spelarar var med, åtte av dei rangert mellom dei 10 beste i verda, mellom anna verdsmeisteren Garri Kasparov, og resten av deltakarane var også mellom dei 50 beste spelarane i verda.

Ivantsjuk var etter dette tippa som ein sannsynleg neste verdsmeister, men slik har det ikkje blitt. Han har for det meste vore rangert blant dei ti beste spelarane i verda sidan 1990, og han har nokre gonger vore heilt oppe på andre plass. Men Ivantsjuk har til dels vore prega av dårlege nervar og har gjort tabbar i kritiske stillingar.

Ivantsjuk har vunne mange sjakkturneringar. Dei viktigaste sigrane er Corus-turneringa i 1996, og Linares i 1989, 1991 og 1995. I FIDE-VM i sjakk 2002 spelte Ivantsjuk seg fram til finalen, men tapte finalekampen mot den då berre 18 år gamle landsmannen Ruslan Ponomariov i finalematchen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]