Hjelp:Siste endringar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wikipedia:Siste endringar)
Gå til: navigering, søk

Siste endringar er ei lenkje som du finn i menyen til venstre (navigering). Denne sida viser dei siste endringane som har vorte gjort med artiklane på Wikipedia. Ved å bruke denne sida kan du overvake og sjå igjennom artiklar som du og andre bidragsytarar har arbeidd på, for å rette feil eller i verste fall hærverk. Ein kan òg leggje inn lenkje til denne sida frå andre artiklar, slik som dette [[Spesial:Recentchanges]].

Du kan velje sjølv om du vil vise 25, 50, 100, 250 eller 500 endringar pr. side, og om du vil sjå små (merka med «u» for «uviktige») endringar.

Å forstå lista over siste endringar[endre | endre wikiteksten]

Lista med artiklar som nyleg har vorte endra på, består vanlegvis av 50 liner slik som dette:

Dette viser tre endringar som brukaren Ranveig har gjort i artiklane The Big Apple, Manhattan og Byen New York.

Frå venstre til høgre:

  • (skil) er ei lenkje til ei side som viser skilnaden mellom den nye versjonen etter endringa og den gamle versjonen før endringa.
  • (hist) er ei lenkje til historikken med ei liste over alle endringar som er vorte føretekne på den aktuelle artikkelen.
  • u viser til at dette er ei uviktig endring på artikkelen. Kun brukarar som er logga inn med brukarnamn kan markere endringar som uviktige. Dette er for at ein skal unngå misbruk.
  • n viser til at dette er ein nyoppretta artikkel. Ein artikel kan godt vere markert med nu, dette er for det meste brukt til nye omdirigeringar.
  • Den neste lenkja er til den aktuelle sida.
  • 17:11 er tidspunktet for endringa angjeve i UTC. Du kan endre tidssonen i instillingane dine.
  • For brukarar som er logga inn, vil den neste lenkja vere til brukaren si side, lenkja er blå dersom sida eksisterer og raud dersom den ikkje eksisterer. For endringar gjort av brukarar som ikkje er innlogga, vil lenkja vere til brukarbidrag sida deira.
  • Så er det ei lenkje til brukaren si diskusjonsside, lenkja er blå dersom sida eksisterer, raud dersom den ikkje eksisterar.
  • Til slutt kjem redigeringssamandraget, der den som har endra sida har skrive kva endringar han/ho har gjort

Innstillingar[endre | endre wikiteksten]

Brukarar som er innlogga, kan ved å endre innstillingane sine bestemme korleis lista over siste endringar skal sjå ut. Du kan finne hjelp til å stille innstillingane på hjelpesida til innstillingane. Dei tinga som ein kan velje i innstillingane er:

  • Å gøyme uviktige endringar - dette vil gøyme alle endringar som er vorte markerte som uviktige av innlogga brukarar.
  • Å utvide siste endringar - med denne innstillinga vert alle endringane til ein artikel på same dag gruppert og samla. Denne innstillinga brukar JavaScript, og vil difor ikkje verke med alle nettlesarar.
  • Antal av titlar på siste endringar - denne innstillinga bestemmer kor lang liste over siste endringar du vil sjå.

Vis nye endringar frå eit bestemt tidspunkt[endre | endre wikiteksten]

Dersom du har vist siste endringar sidan for eksempel den 29. aug 2003 kl. 09:44, så vil det vere ei lenkje til Vis nye endringar sidan 29. aug 2003 kl.09:44 så du har sjanse til å kun sjå dei aller nyaste endringane uten å måtte vente på at heile lista skal bli lasta ned. Dersom du vil bruke lenkja seinare, etter at du har brukt nettlesaren din til noko anna, eller dersom du slår av datamaskina di i mellomtida, så kan du leggje til lenkja i favoritsidene dine (med Internet Explorer høgreklikkar du på lenkja og vel «Legg til i Favoritter»). Alternativt kan du lagre sida med dei siste endringane.

For å få dei nye endringane utan å bruke det som står ovanfor, så kan ein bruke:

http://nn.wikipedia.org/w/wiki.phtml?title=Speciel:Recentchanges&from=20030929094400

(format ååååmmddttmmss, UTC tid).

Du kan kopiere denne URLen til adressefeltet i din nettlesar og endre tid og dato.

For meir utfyllande informasjon om dette emnet, kan du sjå MediaWiki sin engelske brukarmanual.