Wikipedia:Wiki Loves Monuments 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wiki Loves Monuments er ein internasjonal fotokonkurranse som blir arrangert i september 2011. Emne er freda/bevaringsverdige bygningar og element (kulturminne). Blant bileta som deltakarane sender inn, vel ein jury dei beste frå Noreg og gjev dei premiar. I 2010 var konkurransen ein suksess i Nederland, resultatet var 12500 bilete av meir enn 8000 ulike freda/bevaringsverdige bygg og element (kulturminne).

Wiki Loves Monuments 2011 er sett opp som ein europeisk konkurranse. Dette betyr at du kan laste opp foto av freda/bevaringsverdige bygg og element (kulturminne) du har tatt frå eit av dei meir enn ti deltakande landa i september. Om du deltek, kan du vinne ein av dei mange premiane som kvart einskild land deler ut, og kanskje til og med bli med i konkurransen om ein av dei europeiske premiane.

Konkurransen blir arrangert i samarbeid med andre chapters innafor Wikimedia (som organiserer konkurransen i sine land) og nasjonale og europeiske organisasjonar som er aktive innafor kulturarv.

Ein oversikt over deltakarland og statusen deira ligg på prosjektsida på Wikimedia Commons.

Spørsmål kan bli retta til WMNO / Jørund Leknes.

Bakgrunnsstoff[endre wikiteksten]