Yaganfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yaghan)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotografi av yahganfolk frå 1920.

Yaganfolk, også kalla yaghan, yamana og tequenica, er eit urfolk som levde heilt på sørspissen av Sør-Amerika på øygruppa Eldlandet sør for Storøya, heilt ned til Kapp Horn. Yaganfolk lever framleis på Eldlandet i dag; ei gruppe yaganar er busette på Navarino-øya.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Yagankvinner.

Yaganfolket var tradisjonelt eit nomadisk sjøfararfolk som jakta sjøløver og sel og sanka skjel og annan sjømat. Dei brukte kanoar som framkomstmiddel mellom øyane. Trass i sterk kulde brukte folket berre små skinnfellar som klede, men dei varma seg gjerne ved å samla seg i grupper rundt bål. Dessutan hjelpte det dei å sitja på huk, slik at dei kunne kvila på ein måte som gjorde at lite av kroppen var borti bakken. Ein chilensk forskar fann ut at den normale kroppstemperaturen deira var minst ei grad høgare enn den til ein europear. Yaganfolket talde aldri meir enn 3000 menneske.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Europeiske misjonærar og urfolk i Ushuaia i 1880-åra.

Yaganfolket og dei andre eldlendarane fekk eit brutalt møte med dei kvite, anten på grunn av sjukdommar dei kvite innførte, eller på grunn av aktiv motstand. Kapteinen på HMS «Beagle», Robert FitzRoy, tok med seg fire yaganfolk til Europa i 1830. Ein av dei døydde av koppar, men dei andre tre fekk sjå London og helsa på kongen og dronninga før dei vart tekne tilbake til Eldlandet i 1831, denne gongen saman med Charles Darwin.

Cristina Calderón (f. 1928) frå Puerto Williams den siste fullblodsyaganen og den siste morsmålsbrukaren av yaganspråket. Calderón gav i 2005 ut boka Hai Kur Mamashu Shis ('Eg vil fortelja deg ei historie'), som handlar om historiene til yaganfolket.[1] Det er likevel mange som framleis identifiserer seg som yahgan. I 2002 registrerte ein 1685 yahgan-menneske i Chile. Desse snakkar i dag spansk. Utstillingar om yagan og selk'namfolk kan ein sjå på museumet i Puerto Williams.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Hai Kur Mamashu Shis ved jacquelinewindh.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yaganfolk