Overnaturleg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det overnaturlege (det som overskrid naturen) referer til krefter og fenomen som ein ikkje kan observere i naturen og som dermed ligg utanfor den røynda som ein kan verifisere. Om eit fenomen kan verte demonstrert er det ikkje overnaturleg. Dei fenomena som skal medverke i vitskaplege teoriar må ein kunne stadfeste med hjelp av målingar som kan verifiserast og vurderinger av fagfeller. Vitskapen kan ikkje gå inn på det overnaturlege, sjå den naturvitskaplege metoden.

Konsepta innanfor området det overnaturlege er nært relaterte til konsepta innanfor religiøs åndetru og det metafysiske. Teoriar som hevder at overnaturlege fenomen skulle vere vitskaplege vert kalla pseudovitskaplege. Veldokumenterte fenomen som saknar vitskapleg forklaring kallast anomaliar. Men ettersom anomaliar kan verifiserast med objektive empiriske metodar er dei ikkje overnaturlege.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]