Hopp til innhald

Ålesundsgjengen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ålesundsgjengen var namn på ei gruppe av 18 menn og ei kvinne under andre verdskrigen som vart arrestert på ei fiskeskøyte utanfor Ålesund i 1942 i samband med Englandsfarten. Motstandsgruppa hadde samband med Milorg. Båten var då på veg til England. I forkant av arrestasjonen hadde angivarar frå Sonderabteilung Lola infiltrert båten. Heile 18 av gruppa vart skoten i skogen på Trandum etter harde forhøyr og tortur. Filmen Englandsfarere frå 1946 basert på boka av same namn, tar utgangspunkt i denne historia.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]