Manøverelement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Manøverelement vert mest brukt om militære einingar, og byrjar heilt på lagsnivå om einingar som kan føra strid av seg sjølve. I praksis gjeld dette berre einingar innan infanteri, inkludert motorisert infanteri, marineinfanteri og luftlandestyrkar og stridsvogn.[1][2]

Nivå Døme
lag infanteri/kavaleri-laget er manøverelement i ei infanteritropp
tropp infanteri/kavaleri-troppa er manøverelement i eit infanterikompani
kompani infanteri/kavaleri-kompaniet er manøverelement i ein infanteribataljon
bataljon infanteri/kavaleri-bataljonen er manøverelement i ei infanteribrigade
regiment infanteri/kavaleri/luftlande-regimentet er manøverelement i ein divisjon
brigade infanteri/kavaleri-brigaden er manøverelement i ein fellesoperativ kommando

Kategoriane i militære samansettingar er kommando og kontrollapparat (K-3) [samband, etterretning], manøver (infanteri, kavaleri(stridsvogn), støtte (eldstøtte[artilleri, pansarvern] og anna støtte[ingeniør].

Kategori Typiske våpengreinar
kommando og kontrollapparat (K-3) samband, etterretning, militærpoliti, trafikkontroll
manøver infanteri (motorisert), kavaleri (stridsvogn)
eldstøtte artilleri, bombekastar, rakettkastar, pansarvern, luftvern,
anna stridsstøtte ingeniør, ABC-vern
logistikk verkstad, forsyning, transport

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «brigade». Store Norske Leksikon. Henta 28. september 2018. «En brigade er oftest satt opp med flere (tre til seks) manøverbataljoner eller regimenter, eventuelt med egne støttefunksjoner.» 
  2. «Forsvarssjefen får ikke gehør for sentrale endringsforslag». VG. 18.02.2008. Henta 28. september 2018. «Det vil kunne smerte hærgeneralen Sverre Diesen, som anbefalte to mekaniserte manøverbataljoner med vervede mannskaper.»