Danmark i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den danske uttakinga, sjå Dansk Melodi Grand Prix.
Danmark

Offisielt Danmark

Danmarks Radio
Uttakingar
Deltaking
Debutår 1957
Deltakingar 52
Beste resultat
Semifinalen 1 (2013)
Finalen 1 (1963, 2000 og 2013)
Verste resultat
Semifinalen 19 (2007)
Finalen Sist (2002)
Poeng
Semifinalane 1 585
Finalane 2 846
Totalt 4 431

Danmark debuterte i Eurovision Song Contest i 1957 som det fyrste nordiske landet. Danmark vart òg det fyrste nordiske vinnarlandet då Grethe og Jørgen Ingmann vann med «Dansevise» i 1963. I åra 1967 til 1977 heldt Danmark seg borte frå Eurovision Song Contest, og landet måtte stå over tevlinga i 1994, 1996, 1998 og 2003 på grunn av dårlege plasseringar åra før. Like fullt er Danmark eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest med tre sigrar, ein andreplass og tre tredjeplassar. Danmark har kommet på sisteplass éin gong, i Eurovision Song Contest 2002.[1] Sidan innføringa av semifinalar i 2004 har Danmark kvalifisert seg til finalen ved 12 av 20 anledningar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det er Danmarks Radio (DR) som har senderettane til Eurovision Song Contest i Danmark. Allereie i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 hadde Danmark planar om å delta, men DR rakk ikke påmeldingsfristen. Det samme skjedde med Austerrike og Storbritannia, og berre sju land deltok i den fyrste utgåva av tevlinga.[2]

Birthe Wilke og Gustav Winckler avslutta framføringa med eit langt kyss i 1957.

Debuten til Danmark kom dimed i 1957, som det fyrste av dei nordiske landet. Birthe Wilke og Gustav Winckler song Danmark inn til en tredjeplass med «Skibet skal sejle i nat». Duoen avslutta framføringa med eit langt og inderleg kyss som har blitt eit minneverdig augeblikk i tevlingas historie.[3]

Fyrste nordiske siger[endre | endre wikiteksten]

Danmark hadde ein god start med topp ti-plasseringar kvart einaste år fram til 1966. I 1963 kom landets, og Nordens, fyrste siger med «Dansevise» av Grethe og Jørgen Ingmann. Men sigeren fekk ein trong fødsel. Den norske juryen var nemleg ikkje klar med poenga sine då Noreg vart kalt opp under avrøystinga. I kaoset las difor Roald Øyen opp feil poeng og måtte be programleiaren om å få komme tilbake seinare i avrøystinga. På slutten av avrøystinga leia Sveits, med Danmark på andreplass. Då dei korrekte norske poenga ble lesne opp, bytta Sveits og Danmark plass, slik at Danmark vann tevlinga to poeng foran Sveits.[4]

Den norske juryen vart seinare skulda for å ha hjelpt eit naboland til siger, og Sveits protesterte mot resultatet. Men NRK avviste skuldingane og understreka at den norske juryen hadde gitt riktige poeng. Årsaka til kaoset var at det norske telleapparatet rett og slett ikkje var ferdige med å telle opp røystene då Noreg vart kalla opp. Ikkje berre var røystene feil, men ein stressa Øyen las også opp poenga på feil måte. Då Noreg vart kalla opp igjen på slutten av avrøystinga, var resultata frå den norske juryen klare og korrekte. «Vi har god samvittighet med hensyn til resultatet. De 20 jurymedlemmenes stemmesedler ligger i fjernsynet til kontroll om nødvendig», bedyra Odd Grythe frå NRK.[5][6]

Aukande misnøye[endre | endre wikiteksten]

Utover i 1960-åra vaks det fram ei aukande misnøye mot tevlinga i delar av det danske kultur- og musikklivet. Også i DR var skepsisen stor, og fleire gongar i 1960-åra vurderte kanalen å trekkje seg frå Eurovision Song Contest.[7] I 1966 vart Danmark berre nummer 14 av 18 med «Stop – mens legen er go'». Ironisk nok vart denne songen også den siste danske deltakerlåten på elleve år. Den nye underhaldingssjefen i DR, Niels Jørgen Kaiser, meinte tevlinga ikkje heldt høg nok «kulturell verdi», og Danmark trekte seg frå tevlinga i 1967.[8] Fyrst elleve år seinare, i 1978, kom Danmark tilbake igjen.

Ei liknande misnøye mot Eurovision Song Contest fantes også i Norge, og denne misnøya nådde sitt klimaks etter den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1969. Bråket som følgde, og den aukande misnøya mot tevlingas form, var truleg ein medverkande årsak til at NRK trekte seg frå Eurovision Song Contest i 1970. Men Noreg var likevel tilbake igjen i 1971.

Oppturar og nedturar[endre | endre wikiteksten]

Emmelie de Forest er ein av tre danske Eurovision-vinnarar.

I 1980-åra vart Danmark igjen eit av de beste landa i tevlinga, med fire topp fem-plasseringar i perioden 1984 til 1989. I 1990-åra vart resultata dårlegare, og Danmark måtte stå over i 1994 etter ein dårleg plassering året før. I 1996 vart landet slått ut i førehandskvalifiseringa til EBU, og i 1998 måtte Danmark stå over nok ein gong på grunn av dei dårlege plasseringane åra før.

I 1999 snudde resultata, og i 2000 vann Danmark sin fyrste siger på 37 år med Olsen Brothers og «Fly on the Wings of Love». På heimebane i 2001 fekk Danmark ein sterk andreplass, men året etter kom Danmark på sisteplass for fyrste gang. Dimed måtte Danmark stå over tevlinga igjen i 2003.

I 2010 gjekk Danmark inn i ein ny sterk periode og fekk sin tredje siger i 2013 med Emmelie de Forest og «Only Teardrops», og ein ny topp 10-plassering følgde på heimebane i 2014.

Fallet frå 2015[endre | endre wikiteksten]

Frå 2015 gjekk Danmark inn i ein langt svakare periode, med berre fire finaledeltakingar.

I 2015 vart Danmark slegne ut i semifinalen for fyrste gang på åtte år, og det same skjedde i året etter. I 2017 klarte Danmark så vidt å kvalifisere seg til finalen for fyrste gang på tre år, men enda som nummer 20 av 26 i finalen. I 2018 snudde resultata igjen, då Rasmussen vart nummer 9 i finalen – det beste resultatet til Danmark på fire år.

I fire år på rad, i perioden 2021–2024, vart Danmark slegne ut i semifinalen, som det einaste av dei fem nordiske landa.[9][10] Nedturen blei i Danmark omtala som ein av «de største nedtursperioder i dansk grandprix-historie i Eurovision», og ei «historisk nedsmeltning».[11][12] Dei dårlege resultata blei møtt med stor kritikk, der fleire danske musikarar og ekspertar meinte DR hadde feil innstilling til konkurransen.[13][14] Mens DR meinte Dansk Melodi Grand Prix var til for å velje Danmarks eigen song, meinte Eurovision-ekspertane at konkurransen burde fokusere på å velje bidrag som kan gjere det bra i ein internasjonal marknad.[13][15][16][17] Også det nye kommentatorteamet til DR fekk i 2022 kritikk frå fans og sjåarar for å vere «dårlig forberedt og kunnskapsløse» om konkurransen.[18]

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Tittel Finale Semifinale
Plass Poeng Plass Poeng
1957 Birthe Wilke og Gustav Winckler «Skibet skal sejle i nat» 3 10 Ingen semifinalar
1958 Raquel Rastenni «Jeg rev et blad ud af min dagbog» 8 3
1959 Birthe Wilke «Uh, jeg ville ønske jeg var dig» 5 12
1960 Katy Bødtger «Det var en yndig tid» 10 4
1961 Dario Campeotto «Angelique» 5 12
1962 Ellen Winther «Vuggevise» 10 2
1963 Grethe og Jørgen Ingmann «Dansevise» 1 42
1964 Bjørn Tidmand «Sangen om dig» 9 4
1965 Birgit Brüel «For din skyld» 7 10
1966 Ulla Pia «Stop – mens legen er go'» 14 4
Deltok ikkje 19671977
1978 Mabel «Boom Boom» 16 13
1979 Tommy Seebach «Disco tango» 6 76
1980 Bamses Venner «Tænker altid på dig» 14 25
1981 Tommy Seebach og Debbie Cameron «Krøller eller ej» 11 41
1982 Brixx «Video, video» 17 5
1983 Gry Johansen «Kloden drejer» 17 16
1984 Hot Eyes «Det' lige det» 4 101
1985 Hot Eyes «Sku' du spørg' fra no'en?» 11 41
1986 Lise Haavik «Du er fuld af løgn» 6 77
1987 Anne-Cathrine Herdorf og Bandjo «En lille melodi» 5 83
1988 Hot Eyes «Ka' du se hva' jeg sa'?» 3 92
1989 Birthe Kjær «Vi maler byen rød» 3 111
1990 Lonnie Devantier «Hallo hallo» 8 64
1991 Anders Frandsen «Lige der hvor hjertet slår» 19 8
1992 Lotte Nilsson og Kenny Lübcke «Alt det som ingen ser» 12 47
1993 Tommy Seebach Band «Under stjernerne på himlen» 22 9 Kvalifikacija za Millstreet
1994 Deltok ikkje Ingen semifinalar
1995 Aud Wilken «Fra Mols til Skagen» 5 92
1996 Martin Loft og Dorte Andersen «Kun med dig» Ikke kvalifisert 25 22
1997 Kølig Kaj «Stemmen i mit liv» 16 25 Ingen semifinalar
1998 Deltok ikkje
1999 Michael Teschl og Trine Jepsen «This Time I Mean It» 8 71
2000 Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love» 1 195
2001 Rollo & King «Never Ever Let You Go» 2 177
2002 Malene Mortensen «Tell Me Who You Are» 24 7
2003 Deltok ikkje
2004 Tomas Thordarson «Shame on You» Ikkje kvalifisert 13 56
2005 Jakob Sveistrup «Talking to You» 9 125 3 185
2006 Sidsel Ben Semmane «Twist of Love» 18 26 Direktekvalifisert
2007 DQ «Drama Queen» Ikkje kvalifisert 19 45
2008 Simon Mathew «All Night Long» 15 60 3 112
2009 Niels Brinck «Believe Again» 13 74 8 69
2010 Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This» 4 149 5 101
2011 A Friend in London «New Tomorrow» 5 134 2 135
2012 Soluna Samay «Should've Known Better» 23 21 9 63
2013 Emmelie de Forest «Only Teardrops» 1 281 1 167
2014 Basim «Cliché Love Song» 9 74 Direktekvalifisert
2015 Anti Social Media «The Way You Are» Ikkje kvalifisert 13 33
2016 Lighthouse X «Soldiers of Love» 17 34
2017 Anja Nissen «Where I Am» 20 77 10 101
2018 Rasmussen «Higher Ground» 9 226 5 204
2019 Leonora «Love Is Forever» 12 120 10 94
2020 Ben & Tan «Yes» Tevling avlyst
2021 Fyr & Flamme «Øve os på hinanden» Ikkje kvalifisert 11 89
2022 REDDI «The Show» 13 55
2023 Reiley «Breaking My Heart» 14 6
2024 Saba «Sand» 12 36

Røystehistorikk (1957-2021)[endre | endre wikiteksten]

Danmark har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Sverige 361
02 Tyskland 193
03 Noreg 181
04 Storbritannia 153
05 Irland 136

Danmark har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Noreg 221
02 Sverige 214
03 Island 198
04 Nederland 142
05 Storbritannia 135

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest i Danmark[endre | endre wikiteksten]

Programleiarane for Eurovision Song Contest 2014: Nikolaj Koppel, Lise Rønne og Pilou Asbæk
År Stad Arena Programleiar(ar)
1964 København Tivolis Koncertsal Lotte Wæver
2001 København Parken Stadion Natasja Crone og Søren Pilmark
2014 København B&W Hallerne Lise Rønne, Nikolaj Koppel og Pilou Asbæk

Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest

År Stad Arena Programleiarar
2005 København Forum København Katrina Leskanich og Renārs Kaupers

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Denmark – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 6. desember 2016. 
  2. «Eurovision Song Contest 1956». eurovision.tv. Henta 6. desember 2016. 
  3. Gert (19. mars 2016). «Det forbudte kys». Berlingske. Henta 6. desember 2016. 
  4. «Eurovision Song Contest 1963». eurovision.tv. Henta 6. desember 2016. 
  5. «Sveitsisk TV protesterer». Verdens Gang. 26. mars 1963. s. 1. 
  6. Eriksen, Espen (25. mars 1963). «Norsk Grand Prix-bommert sendte Danmark til topps». Verdens Gang. s. 22. 
  7. «Årets Melodie Grand Prix – den siste? Danmark sier stopp – følger Norge med?». Verdens Gang. 4. mars 1964. s. 23. 
  8. Merete Harding. «Niels-Jørgen Kaiser i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg». Gyldendal 1979-84. Henta 6. desember 2016. 
  9. Kasper Madsbøll Christensen (13. mai 2022). «Det bliver (næsten) en nordisk fuldtræffer i Eurovision-finalen». DR (på dansk). Henta 3. juni 2022. 
  10. Kasper Madsbøll Christensen og Christian Ellegaard (10. mai 2022). «Så skete det igen: Danmark ude af Eurovision allerede før finalen». DR (på dansk). Henta 3. juni 2022. 
  11. Madsen, Maria Christine; Nygaard, Laura Rode; Torino, B. T. s hold i (11. mai 2022). «Efter endnu et semifinale-exit: 'Vi er i en af de største nedtursperioder'». www.bt.dk (på dansk). Henta 3. juni 2022. 
  12. «Eksperter om dansk Eurovision-flop: 'Det her er en historisk nedsmeltning'». DR (på dansk). 12. mai 2023. Henta 12. mai 2023. 
  13. 13,0 13,1 Christian Ellegaard (11. mai 2022). «DR's Grand Prix-chef svarer på kritik efter dansk nederlag: 'Det er da skide ærgerligt, at vi ikke er med på lørdag'». DR (på dansk). Henta 3. juni 2022. 
  14. «DR-chef om dansk Eurovision-fiasko: 'Nej, vi har ikke mistet grebet'». DR (på dansk). 12. mai 2023. Henta 12. mai 2023. 
  15. Ritzau (11. mai 2022). «DR-chef sætter ord på Eurovision-fadæse - TV 2». nyheder.tv2.dk (på dansk). Henta 3. juni 2022. 
  16. «DR skal evaluere finalefadæse efter endnu et Eurovision-exit». www.bt.dk (på dansk). 12. mai 2023. Henta 12. mai 2023. 
  17. Thorsen, Rasmus (12. mai 2023). «Jørgen De Mylius om dansk Eurovision-flop: »Jeg har aldrig set det danske bidrag i år som en sang, der var oplagt i et MGP«». Jyllands-Posten (på dansk). Henta 12. mai 2023. 
  18. Nygaard, Laura Rode; Madsen, Maria Christine; Torino, B. T. s hold i (14. mai 2022). «DR-chef forsvarer kommentatorer efter kritik: 'De har ikke lavet andet end at forberede sig'». www.bt.dk (på dansk). Henta 3. juni 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]